Eventyret om Gullsmedfamilien Carlsen, Gullhuset og May Halen Bleie.

Eventyret i Haugesund starta med dyktige Anton Severin og søte Sophie Carlsen (født Sophie Emilie Buzzi Krogh) som kom til haugesund i 1902, frå Danmark. I køben hadde Anton fullført gravørmester utdanning. I år 1903 starta Anton opp gullsmed forretning. Dei fekk fleire born: Victor (f.1898), Gunhild, Alf og Gunnar.

Viktor og Gunnar fortsette i Anton sine spor, og begge blir gullsmedar, som læremeister var sjefen sjølv, faren Anton.

Gullsmed Victor hadde funnet sin vakre Emma Jacobine Knudsen i 1923 og gifta seg. Victor var aktiv som toppførar og i det Norske Speidergutt-forbundet. Det var ikkje lenge etter at ringane var på, at Kjell Georg var født.

Svennereisa til Viktor tok han over dammen, aleine utan fru og barn. Han var nokon år i Philadelphia og Chicago. Her jobba han som juveler hjå Sears & Robook i USA. Det begynte å blir harde tider i Noreg, «dei harde 30årene» var på veg.

Når Victor kjem heim, er det begrensa med arbeid hjå Gravørmester Anton. Han Victor får tilbod om vaktmeisterstilling i Festivitets bygget. Familien flyttar inn og går frå 1 til 4, no har Kjell Georg plutseleg 3 søsken. Då kom Arne, Jacob Emil Krogh Carlsen og Victor Jr. Når siste arving og gut, Victor ankom verden, blei det sagt av brødre gjengen: «Ein bror te`- hiv`an på sjøen!» …. !